Allidrett for barn 6–12 år
Allidretten i Seljord IL vil ha eit variert aktivitetstilbod utover heile året. Tanken med Allidrett er å gje alle eit godt fundament for fysisk aktivitet og sosial omgang i eit trygt miljø. Allidretten er ikkje spissa, så her vil det bli mange typar aktivitetar, kurs og samlingar. Fotball, handball, ski, ridning og friidrett kan derfor fint kombinerast med Allidrett.
For at du skal forstå Allidretten betre, gå inn på sidene om dette hos NIF: Allidrett for barn 6–12 år
Aktivitetar
Det vil bli mange forskjellige instruktørar og kurshaldarar. Aktivitetane blir alt frå dansekurs, orientering, bogeskyting, terrengsykling, tennisfotball, friidrett, naturløyper, motorsport o.l. Alle aktivitetar er ikkje for alle, men det skal vere noko til alle i løpet av sesongen. Så du kan melde deg på akkurat det du sjølv måtte like.
Pris og medlemskap
Det kostar berre 100,- per år å drive med Allidrett i SIL.
Er du ikkje medlem av Seljord idrettslag, kan du melde deg inn her: medlemskap.nif.no
