I vinter er det Martin Beggs fra Jamie Carragher akademiet som skal ha teknikk treningane.

Martin er ein utruleg flink trenar som mange av ungane i Vest Telemark allerede har møtt og blitt litt kjent med.
Alle tilbakemeldingar tyder på at han blir svært godt lika av både ungar og vaksne. Øvelsane som blir bruka på teknikktreningane er dei sama som JCA bruker i sitt treningsopplegg. Det er tenkt at ein del av dei  grunnleggande øvelsane dei skal bruke skal inn i ordinære treningar i Seljord, slik at alle vil kjenne igjen øvelsane når dei vekslar mellom klubblag, teknikktrening og treningar  i regi av PVT.

Det er veldig rift mellom klubbane i PVT for å få bruke Martin, så dei timane me får han, må me bruke best mulig. Det er veldig vanskeleg  å få det til å passe for alle, men håpar dei  fleste har anledning til å stille på treningane. Er du usikker, så gi han ein sjanse til å overbevise deg, trur ikkje du kjem til å angre. Hvis me ikkje vil henge etter  resten av klubbane i vest- telemark på teknikk i framtida, må me starte nå for dette er populært. Treningane blir på Granvin annankvar onsdag (partallsveker) med oppstart 16. november

  • Gruppe 1 G/J 10 og G/J 12  kl.14.30 – 15.30
  • Gruppe 2 G/J 14 og G/J 16  kl. 15.30 – 16.30