10. JUNI 2017
Konkurranseklasser-mosjonsklasse-barneløp, fine premiar.
Seljord IL arrangerar i år for 2. gong motbakkeløpet Raudkleiv Upp. Arrangementsdato er laurdag 10. juni.
Start er på Dyrskuplassen, nær Seljord sentrum, og mål i Raudkleiv Skianlegg. Løypa er 4 km og høgdeforskjellen er 350 meter.
NB: Dei som melder seg på på nettet seinast 25. mai er med i trekning av:
1 stk. 3-dagars billett for Dyrskun 2017, gjeve av Dyrsku´n Arrangement
1 par joggesko (Asics Kayano løpssko) gjeve av Intersport Seljord.
STARTTIDER:
Fellesstart alle konkurranseklasser kl. 1300.
Mosjonsklassa startar frå kl. 1100.
Barneløpet startar kl. 1230.
PÅMELDING/STARTKONTINGENT/LISENS
Konkurranseklassene, påmelding på nettet på EQ-Timing – kr. 300,- (lisens i tillegg).
Etteranmelding i konkurranseklassa inntil 1 time før start.
Mosjonsklassa, påmelding på nettet på EQ-Timing eller på arrangementsdagen mellom kl. 09.00 og 11.00 i sekretariatet – kr. 130,- (lisens i tillegg). Det er ikkje tidtaking eller klasseinndeling i mosjonsløpet.
OM LISENSORDNINGA:
Alle deltakarar, konkurranseklasser og mosjon, som fyller 13 år i år og som ikkje har betalt heilårslisens, må kjøpe eingongslisens som kjem i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens i dette arrangementet er kr. 40,- i konkurranseklassa og kr. 30,- i mosjonsklassa.
DELTAKARPOSE/STARTNUMMER:
Alle deltakarar skal bruke startnummer. Pose med startnummer for dei førehandspåmeldte ligg klar i sekretariatet frå kl. 09.00.
LØYPA:
Flatt ca. 900 meter, så stigning ca. 2700 meter med litt asfalt, traktorveg, grusveg og bratt opp langs skitrekket i skianlegget. Vidare ca. 400 meter småkupert og nedover til mål på Raudkleiv stadion.
BARNELØPET:
Barneløpet er for 11 år og yngre og er ca. 1 km. Tidtaking, men ikkje rangering. Gratis deltaking. Denne løypa startar ved parkeringa nedanfor skianlegget og fylgjer derifrå hovudløypa til mål på stadion.
KLASSEINNDELING:
Konkurranseklassene er slik som Kondis anbefalar:
12-13 år, 14-15 år, 16-17 år, 18-19 år, 20-22 år, 23-34 år 35-39 år, deretter 5-års-klasser.
PREMIERING:
Kl. 12-13 år gutar/jenter – 1.pr. kr- 500,- - 2. og 3. pr. annan premie
Kl. 14-15 år gutar/jenter – 1. pr. kr. 500,- - 2. og 3. pr. annan premie
Kl-16-17 år gutar/jenter – 1. pr. kr. 500,- - 2, og 3. pr. annan premie
Kl. 18-19 år gutar/jenter – 1. pr. kr. 1000,- - 2. og 3. pr. annan premie
Kl. 20-22 år gutar/jenter – 1. pr. kr. 1000,- - 2. og 3. pr. annan premie
23 år og eldre (23-100 år) kvinner/menn 1., 2. og 3. premie på kr. 3000,- , 2000 og 1000,-.
Klassevinnarar 23 år og eldre som ikkje er blant dei som vinn kr. 3000/2000/1000 får premie.
I tillegg får dagens beste løypetid for mann og kvinne – kr. 5000,- kvar!
Det er uttrekkspremiar i mosjonsklassa og barneløpet: Kr. 1000,- X 4 og gåve-/sponsorpremiar.
Det er totalt kr. 33000,- i pengepremiar.
Fine medaljer til alle som fullfører.
LØYPEREKORDAR:
Kvinner: Brita Cecilie Mustad (Kl. K 40-44) – tid: 22,48
Menn: Halvor Kleivi (Kl. M20-22) – tid: 19,04
Beste frå Seljord IL Menn: Jonas Lie Ståland (Kl. M14-16) – tid: 24,02
Beste frå Seljord IL Kvinner: Helene Høgetveit (Kl. K20-22) – tid: 31,47
PRAKTISK INFO.:
Parkering på Dyrskuplassen
Sekretariat på Dyrskuplassen
Deltakerar som ynskjer løpstøy transportert frå start til mål, legg dei tinga i ein merka pose eller bag i ein bilhengar ved start.
Premieutdeling ved sekreteriatet så snart resultatlistene er klare.
Ingen drikkestasjon i løypa
Alle får drikke etter målgang
Toalett på Raukleiv skistadion
Dusj og toalett på Dyrskuplassen
Kiosk både ved sekretariatet og ved mål på skistadion
Fyrstehjelpberedskap: Seljord Røde Kors
Vi håpar at Raudkleiv Upp kan vera ein del av ein weekend aktivitet for tilreisande, med høve til å sjå meir av Midt- og Vest-Telemark. Er du heldig kan du sjå Sjøormen i Seljordsvatnet. Midt- og Vest-Telemark har mykje å by på.
Dyrsku´n Arrangement har gjeve 2 stk. 3-dagars billettar til Dyrskun 2017 som uttrekkspremiar. Sommarland i Bø har gjeve 4 dagsbillettar som uttrekkspremiar.
Stemneleiar: Gunn Helga Vindfjell
Løypeansvarleg: Inge Nilsen
Sekretariat: Kristine Midtbø Mo
Tidtaking: EQ-Timing
Media/kommunikasjon: Yvonne Eilefstjønn
Klager rettast til stemneleiinga/sekretariatet
Kontaktinfo:
Gunn Helga Vindfjell, tlf. 952 29227
Inge Nilsen, tlf. 971 43720
Denne informasjonen vert også hengt opp på oppslagstavla ved start.
Hjarteleg velkomne!