Dyrskudugnaden til Seljord IL
Hallo alle utøvarar med føresette og støttemedlemar i Seljord IL!
I løpet av juni månad vil du få ein telefon frå oss, der vi spør alle medlemar over 16 år, alle føresette og støttemedlemar om kva for vakter de vil kunne ta for Seljord IL under dei tre Dyrskudagane.
Dersom du har andre oppgåver desse tre dagane, har vi også bruk for hjelp til rigging før Dyrsku'n, til nedvask etter Dyrsku'n eller ein annan dugnadsjobb for Seljord IL. Tek du som aktiv medlem to vakter vil den eine vakta gå til aktiviteten i undergruppa som du er medlem av.
Alle aktive SIL-medlemar mellom 11 og 14 år vert sett opp på 2 vakter på 3 til 6 timar (lengda på vakta avheng kor gamal du er, dei minste får 3 til 4 timars vakt) og vil få eiga melding om dette. Her vil også timebetalinga på den eine vakta gå til aktiviteten i undergruppa du er medlem av.
SIL har mange aktivitetar å by på
Av aktivitet vi har er: Allidrett, skitrening, fotballtrening, riding, friidrett og handballtrening. Sjå heimesida vår for meir informasjon.
Kvifor er dugnaden så viktig?
Det kostar pengar å drive eit idrettslag, både til aktiviteten og anlegga. Vi er i ein situasjon at Seljord IL må sjølv ta store delar av kostnadane til drift av anlegga og aktivitetane. Av anlegg kan ein nemne: Idrettshallen på Granvin, fotballanlegget på Eventyrøy og skianlegget i Raukleiv.
I Seljord er vi så heldige å ha inntekt frå Dyrsku'n. Det er den som avgjer korleis idrettslaget kan drive.
Dyrskudugnaden er også med på å halde eit lågt nivå på medlemskontingenten der familiemedlemskap kostar kr 500, enkeltmedlem over 18 år kostar kr 300 og enkeltmedlem til og med 18 år kostar kr 200. Treningsavgifta i undergruppene er også på eit lågt nivå og er for aktive til og med 12 år på kr 100 per år (kr 250 i fotballgruppa), aktive over 12 år er på kr 400 per år (500 for fotball) og for seniorlag i fotball er avgifta kr 1 300 per år.
Vi treng deg!
Det er eit stort løft kvar sommar å få i hamn vaktlistene til denne dugnaden. Dei siste åra har vi måtte leigd inn nesten halvparten av dugnadshjelpa frå andre lag. SIL vil med dette oppmode til å få med fleire eigne medlemar.
Vi ber alle vaksne medlemar i Seljord IL og føresette om å ta minst ei vakt i løpet av Dyrskuhelga!
HUGS: Det er Dyrskudugnaden som avgjer kva nivå vi kan drive på!
Helsing
Styret i Seljord Idrettslag
Dokument – Dyrsku'n 2026
Vaktliste under Dyrsku'n 2026
Oversikt over alle vakter under dei tre Dyrskudagane (PDF).
Vaktliste før og etter Dyrsku'n 2026
Vakter for rigging og nedvask (PDF).
Oppmøte Dyrskudagane
Informasjon om oppmøte og praktiske detaljar (PDF).
Meny 2026
Meny for matsalet under Dyrsku'n (PDF).
Organisering av utsalg
Oversikt over organisering av utsalsstadene (PDF).
Bemanning av kioskane
Plan for bemanning av alle kioskane (PDF).
Kioskrutiner – Infokiosk, Portkiosk, Einarkiosk og Oddbui
Rutinar for drift av kioskane (PDF).
Kioskrutiner – Scenekafe, Stuten kafe og Einarbui
Rutinar for drift av kafeane (PDF).
Info til alle medlemar i Seljord IL
Generell informasjon om Dyrskudugnaden (PDF).
