Alle medlemer av Seljord idrettslag, som har hatt store reiseutgifter på større arrangement dei har delteke på i 2022, kan nå søke om deltakartilskot. (Legg ved dokumentasjon/kvitteringar)

Søknaden sendast til:
Seljord idrettslag v/Hans Inge Hagen:
epost: post@seljordidrettslag.no
Søknadsfrist: 1.11.2022

Styret for
Seljord IL

Innkalling til årsmøtet i Seljord IL 28.2.2022

Last ned innkalling til Årsmøte 2022 her

Leiar: Tellef Solås - 91 89 61 35solaas@online.no

Nestleiar: Hans Inge Hagen - 95 06 57 38hansingehagen@me.com

Kasserar: Johannes Rindal - 41 44 09 28 - johannes.rindal@gmail.com

Skrivar: Anne Slettemeås - 98 88 77 15 - slettem2@nenett.no


Veiledning

Klubbhåndboken gjelder for alle ledere og spillere i Seljord fotball.

Fotballstyret skal årlig revidere håndboken. Fotballstyret skal sørge for at alle er kjent med håndbokens innhold. Dette kanaliseres via oppmenn og trenere.
Det ligger link på Seljord fotball sin FB side samt Seljord IL sin hjemmeside. KlubbhåÌŠndboken skal til en hver tid ligge tilgjengelig påÌŠ www.seljord-il.no for nedlasting.

Vår hovedmålsetting er: Seljord fotball skal gi et helhetlig tilbud til alle som ønsker å spille fotball.

Dette gjelder alle uansett nivå. Seljord fotball skal sørge for aktivitet, utvikling, integrering og trygge rammer.
Vi har som mål å stille lag i alle klasser i aldersbestemt og seniorfotball.
Vi skal ha et kvalitativt godt tilbud som gjør at Seljord Fotball får et godt omdømme og blir en klubb som barn, ungdom og voksne ønsker å være en del av. Seljord Fotball skal være nyskapende og en seriøs samarbeidspartner for lokale klubber i vest Telemark. Seljord Fotball skal være en pådriver i regionen for samarbeid og økt tilbud til breddeidretten. Klubbens sportslige resultater skal følge sportsplanen. Seljord Fotball er klubbstyrt og vi skal tenke langsiktig.

Vi setter fokus på forbedring og kvalitet i alle ledd.

Start

min idrettSeljord idrettslag har som mål å effektivisere og forbedre dokumentflyt og medlemshandtering. For å få dette til ynskjer vi at alle, som har mogelegheiten, registrerar seg på Norges idrettsforbund sin digitale løysing  "Min idrett".  Her er Seljord idrettslag langt framme. Me har, som ein av dei fyrste, vore med på å teste ut denne løysinga dei siste to åra.
 
Min idrett er den aller enklaste og beste måten til å holde seg oppdatert på. Her samlast terminlister, aktivitetar, medlemskap og lisenser på tvers av idrettsgrener. Du vil her bli oppdatert på betalingar og gebyr for aktivitetane du og/eller dine barn er med på. 

Min idrett har en enkel påmelding og betaling for deg sjølv og din familie.

Gå inn og registrer deg og din familie her: https://minidrett.nif.no

Mvh

Hans Inge Hagen
Nestleiar i Seljord idrettslag

Seljord Idrettslag er eit fleiridrettslag som per i dag har undergrupper innafor fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og sykling og har totalt 500 medlemar. Idrettslaget er svært stolte av anlegga vi har på Eventyrøy (fotball og friidrett), Raudkleiv (alpint, ski og skiskyting) og Granvin (handball mm.) der vi er deleigar saman med Ungdomslaget og kommunen. Seljord IL har i 2017 hatt ansvar for matsalet under Dyrskun i 40 år og er ei avgjerande årleg inntektskjelde som gjer til at vi har eit allsidig tilbod til barn og ungdom med topp anlegg til ei svært låg trenings- og medlemsavgift.


I 2016 vart nye Eventyrøy opna med ny 11er kunstgrasbane, 5er kunstgrasbane, friidrettsbane med 2 løpebaner og 4 stk 100 meter løpebaner og teknisk sektor med høgdehopp, kule- og lengdegrop alt til ein verdi av 13 mill.kr. Anlegget har også ein treningsbane og eit klubbhus som begge skal renoveras i 2017.

Sjekk været

Oddvar

 

På årsmøtet til Seljord IL måndag 25. februar fekk Oddvar Kvålo tildet innsatskruset til Seljord IL for sinn utrulege dugnadsinnsats for laget.
Oddvar starta opp sin dugnadskarrierer under Dyrskun for 23 år sidan i 1995 med dugnad Laurdag og Sundag i Sigridbui der Tor Reiten og Svein Tveiten var ansvarlege den gongen.
Frå år 2001 har Oddvar vore med i Dyrskugruppa i Seljord IL med ansvar for alt som hadde med utstyr og rigging i buene og kioskane.

Av dei store oppgåvene som har kravd mykje tid er å nemne:

  • tak over varemottak som i 3 år var opp og ned med provisorisk tak.
  • I 2007 laga han understell av to gamle Linjegods hengerar til å ha utstyr i.
  • utbygging av hovedkjøkkenet i 2010 som den store saken.
  • Spesialtralle for salg av bagetter.
  • Rustfrie varmekar for å holde potetstappe varm.
  • Traller av tre til kasseapparat og utstyr.
  • Så var det pengeskåp i vranglås to ganger. Siste gang endte det på Renovest.


Av anna arbeid for SIL kan nemnast:

  • ansvar for flytting av Brakkerigg frå Husmorskulen og opp til Raukleiv med ferdigstilling, bygge avløpsanlegg og boring etter vann.
  • Bygging av spikertårn på Eventyrøy.
  • Skaffe sponset garasje frå Grimstad til lager for SIL på Dyrskuplassen og sto for grunnarbeid og oppfølging.
  • Pluss mykje anna!


Sumerar vi timane Oddvar har brukt frå 2001 og fram til i dag for Seljord, vil dette utgjere om lag to årsverk i dugnad for Seljord IL.

Seljord IL er svært takksame for innsatsen til Oddvar.


  • Styret i Seljord IL krev politiattest av alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
     

  • Leiar i idrettslaget er ansvarleg for å handtere ordninga med politiattest i idrettslaget. Nestleiar er vararepresentant.
     

  • Den som blir krev politiattest, må sjølv søke om politiattest. Sjå prosedyre her.
     

  • Alle som skal ha politiattest må vise fram attesten for leiar (nestleiar) i Seljord IL.
     

  • Leiar i Seljord IL skal lagre opplysningar om kva for personar det er kravd politiattest for, at attesten er vist fram og dato for framvising. Sjølve attesten beheld søkaren.
     

  • Idrettslaget skal ikkje gi oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming til personar som ikkje viser fram politiattest eller som har merknad på attesten.
     

  • Idrettslaget kan når som helst kontakte NIF for råd og rettleiing i desse sakene ved å ta kontakt med sin idrettskrets eller sende e-post til politiattest@idrettsforbundet.no