Informasjon

Handballgruppa har i sesongen 2017/2018 tilbod til gutar og jenter frå 2.kl og oppover. J8 og G8 spelar aktivitetsturneringar. Dei spelar då 4`er handball. Dei har tilbod om aktivitesturnering ca. 4-6 laurdager i løpet av sesongen. J 11 spelar aktivitetsserie. Dei spelar 6`er håndball. Dei har 6 kampdagar (søndagar) i halvåret. Då spelar dei 1 eller 2 kampar pr. dag. Halvparten av desse er på heimebane. J 13 spelar vanleg serie. J 15 er med å trenar med J 13, men er pr. dags dato ikkje mange nok til å stille eige lag. Mogens Iversen er dommar for Seljord.

Me er opptatt av at alle som har lyst skal få lov å spele håndball i Seljord. Me ynskjer å drive eit lavterskel tilbod, samstundes som me har fokus på det sportslige. Me har spelerar som kjem frå Seljord, Hjartdal, Kviteseid og Nissedal. I år prøvar me også å samle samen nok spelerar til eit damelag. Det vil i første omgang bli fokus på trening, men me ynskjer også at damelaget skal kunne delta på ein cup eller 2 iløpet av sesongen.

J11, J13 og J15 stilte alle lag på Sommarland cup 2017. Dette var ei kjempe fin helg med handball og sosialt. Me overnatta i lavvoar på Bø Camping. Me koser oss med handball, bading, grilling og sosialt samvær heile helga. Dette skaper samhald mellom spelerar på tvers av lag. Me håpar å gjenta suksessen til neste år!