Allidretten i Seljord IL vil ha eit variert aktivitetstilbod utover heile året. Tanken med Allidrett er å gje alle eit godt fundament for fysisk aktivitet og sosial omgang i eit trygt miljø. Allidretten er ikkje spissa, så her vil det bli mange type aktivietar, kurs og samlingar. Fotball, handball, ski, ridning og friidrett kan derfor fint kombinerast med Allidrett. For at du skal forstå Allidrretten betre, så gå inn på sidene om dette på NIF: Allidrett for barn 6-12 år
For å holde små kurs, samlingar og få bredde i allidretten, så vil me måtte sette opp påmelding i forkant. Det betyr at du må inn i Brief-appen (under Seljord idrettslag) -> Påmelding. Den er gratis og vil hjelpe oss med lister for å håndtere deltakarane best mogeleg. Både i forhald til smittevern og aktivitetsopplegget. Det vil bli mange forskjellige instruktørar og kursholdarar, som vil trenge dette. Aktivitetane blir alt frå dansekurs, orientering, bogeskyting, terrengsykling, tennisfotball, friidrett, naturløyper, motorsport o.l. Alle aktivitetar er ikkje for alle, men det skal være noko til alle i løpet av sesongen. Så, du kan melde deg på akuratt det du sjølv måtte like. Det kostar bare 100,- per år å drive med Allidrett i SIL
Er du ikkje medlem av Seljord idrettslag, så kan du melde deg inn her: https://medlemskap.nif.no/23501
Brief-appen kan lastast ned gratis her: iPhone eller Android
Aktivitetar for barn 6-12 år:
(søsken under 6 år kan bli med)
Klatring på Bringsåsnuten
Oppmøte ved bålplassen på Bringsåsnuten.
Husk sykkelhjelm og klær etter forhalda. Maks 10. stk.
Påmelding i Brief-appen
Oppmøte på Dyrskuplassen ved porten før kl 18.
I dag er det på tide å få fram sykkelen. Varmt og fint. Me tenker at Dyrskuplassen er eit stort fint og trygt område å sykle på.
Så utfordringen er å sykle så mange rundar ein klarer på den lengste vegen rundt.
Påmelding i Brief-appen
Oppmøte på Eventyrøy ved Tufteparken.
Karusell-løp. 1 km springetur rundt Eventyrøy med start frå Tufteparken
Påmelding i Brief-appen