Infoskriv og lister for Dyrskudugnaden 2022. (Scroll sidelengs i lista for nedlasting på mobil)



2022

Dyrskun info

Order Name Type Note  
1 Kart over oppmøte PDF

Dyrskun

Downoad
2 Informasjon om Dyrskun 2022 PDF

Dyrskun

Downoad
3 Mannskapsliste 2022 PDF

Dyrskun. 6 sept oppdatert

Downoad

Seljord IL
Dugnad under Dyrsku`n 2022

Det nærmar seg Dyrsku, og Seljord Idrettslag er i full gang med å førebu matsalet etter to år med pandemi. Vi er svært glade for at du har sagt ja til å arbeide dugnad under Dyrsku`n. Det er denne innsatsen som gjer det mogeleg å halde i gang aktivitetar som barneidrett, fotball, handball, friidrett, skikarusell, ridegruppe m.m. Alle aktive SIL-medlemar mellom 11 og 13 år, er sett opp på ryddevakt eller hamburgarpakking 3 til 4 timar 2 av dagane. Aktive frå 14 til 16 år er sett opp på 2 vakter under Dyrskun, der den eine går til inntekt for undergruppa. På heimesida vår finn du oppdatert vaktliste som viser kva for tid du er sett opp.

OPPMØTE PÅ DYRSKUPLASSEN

Hugs at det kan vera kø både på vegen og inne på plassen. Ver ute i god tid!
1. EigenparkeringfordeisomskaljobbedugnadfinndupåjordetnedevedBygdaråi

mot Norbygdi (sjå kart). Der får du parkere gratis ved å vise til vaktlista. Innkøyring er nå flytta til Norbygdi Industriområde (Bergene Holm) og følger ny veg langs Bygdaråi. Følg skilting og tilvising frå mannskap.

  1. Oppmøte/innsjekkvaktereriteltpåvenstresideavHovudport(sjåkart)forå registrere dugnadsvakta di. Oppgje navnet ditt for registrering – du får stempel for gyldig inngang.

  2. EtterpågårdutilpersonalmottakettilSeljordIL(sjåkart)somliggbak hovudmatutsalet. Der vil du bli sjekka inn og får tildelt arbeidsantrekk og ei innføring i jobben du skal utføre.

Dersom vakta du er sett opp på, ikkje er i samsvar med tidlegare avtalt eller om det har kome hindringar av noko slag, ber vi deg ta kontakt med underteikna innan måndag 29. august.

NB! På heimesida vår seljordidrettslag.no finn du ajourførte vaktlister og anna aktuell info.

Seljord 22. august 2022

Helsing
Seljord IL v.Tellef Solås Mobil: 918 96 135
Epost: post@seljordidrettslag.no

Vel møtt til travle dagar !

Last ned: Oppmøte Kart - Informasjonsskriv - Mannskapsliste