Innsatskruset 2025

Terje og Vidar har gjennom fleire år vore sentrale eldsjeler for utviklinga av idrettsanlegga i Seljord. Terje har vore ein drivkraft innan langrenn og skiskyting i Raudkleiv sidan 2011, der han har lagt ned utallige timar som trenar, styremedlem og pådrivar for skiskyttaranlegget og skikarusellen. Vidar har sidan 2014 leia omfattande rehabiliteringsprosjekt på Eventyrøy og Raudkleiv, inkludert kunstgrasbane, friidrettsanlegg, klubbhus, vegar og skiskyttararena. Begge har gjort ein uvurderleg innsats for idrettsmiljøet i Seljord, og Seljord IL rettar ein stor takk til dei for engasjementet og innsatsen.
Terje Øverland
Terje har vore ei stor drivkraft for aktivitetane i Raudkleiv innanfor langrenn og skiskyting frå 2011 og fram til i dag. Han sat i styret for skigruppa, også som leiar, fram til 2021–22 og har heile perioden fram til i dag også vore trenar.
Den første skiskyttarskulen var sesongen 2012/2013, før standplass og skiver var på plass i Raudkleiv, så delar av skulen blei gjennomført på skytebanen på Heii.
I styret har han vore med på å byggje opp skiskyttargruppa og ferdigstille skiskyttararenaen til sesongen 2013/2014. Vidare har han hatt ansvar for ferdigstilling av klubbhuset, montering og komplettering av lysanlegget med stolpar og anna. Terje har organisert dugnad, flytting av garasje for tråkkemaskina og gjenoppbygging av denne med hjelp frå fleire. Han har også hatt eit stort engasjement for skikarusellen og kor viktig denne er for vidare rekruttering inn i skigruppa.
Terje har lagt ned ei utruleg mengd med timar for å halde hus og anlegg ved like, rydde kratt og mykje anna. I familien Øverland kalla dei Raudkleiv for å «dra på hytta».
At Raudkleiv har blitt det anlegget vi har i dag, kan vi for ein stor del takke Terje for og den innsatsen han har lagt ned for Seljord IL.
Ein stor takk til deg, Terje!
Vidar Tveiten
Vidar har vore drivkrafta bak alt av rehabilitering som er gjort på Eventyrøy frå 2014 og fram til i dag, og no også investeringane som er gjort i Raudkleiv dei siste åra. Det heile starta i 2014 med ei prosjektgruppe beståande av Alf Johansen, Olav Kåsa, Gunnar Eilefstjønn og Vidar, som sette i gang planlegging og utbygging av ny kunstgrasbane og friidrettsbane. Desse stod ferdige i august 2016, der alle fire vart utnemnde til æresmedlemar i Seljord IL som ei lita takk for innsatsen.
Men for Vidar stoppa det ikkje der. I 2016 vart han prosjektleiar for rehabilitering av klubbhuset fram til ferdigstilling i 2019. Den gamle grasbana var i svært dårleg forfatning, og i 2019 tok han igjen på seg å vere prosjektleiar for rehabilitering av denne, til ho vart gjenopna i 2021.
Men ikkje nok med det – i 2022 sto Raudkleiv for tur med oppgradering av heile vegen, ny veg og parkering oppe ved klubbhuset. Samtidig tok han også på seg etableringa av varmestova i skibakken, der alt vart tatt i bruk til sesongen 2023–24. Våren 2024 vart han igjen prosjektleiar for utviding av skiskyttararenaen til 10 skiver og med 600 meter rulleskiarena, som vart opna sist haust.
Vidar har ikkje berre vore prosjektleiar, men har også lagt ned mange hundre timar med anna dugnadsarbeid for å realisere prosjekta. Til saman har alle prosjekta vore gjennomførte med særs god styring innanfor budsjettramma, til ein samla verdi av 25 millionar kroner.
Anlegga på Eventyrøy og i Raudkleiv har dei siste 10 åra fått ein utruleg standardheving, til stor glede for alle i Seljord og nærområda. Seljord IL rettar ein stor takk til Vidar for det utrulege bidraget du har vore med på for å få dette realisert.
Tusen takk, Vidar!
Helsing
Seljord idrettslag