Seljord Idrettslag
Seljord Idrettslag er eit fleiridrettslag med djupe røter i bygda og eit blikk retta mot framtida. I dag samlar idrettslaget rundt 500 medlemar i eit variert og inkluderande aktivitetstilbod for både barn, ungdom og vaksne. Gjennom 4 aktive undergrupper – fotball, handball, ski og riding – legg vi til rette for idrettsglede, meistring og gode opplevingar året rundt. I tillegg har vi Allidrett for born og unge med symjing, riding, skikarusell og friidrett.
Våre anlegg
Vi er stolte av dei moderne og funksjonelle anlegga vi har bygd i Seljord. På Eventyrøy ligg eit innbydande område for fotball, friidrett. Padelbanar, treningsapparat og Eventyrøy aktivitetspark med badstoge, park, gapahuk og klatresrativ. I Raukleiv tilbyr me på alpine utfordringar i slalåmbakken og gode løyper for både ski og skiskyting. I Granvin finn ein hall og fasilitetar som styrkjer handballen og fleire innandørs aktivitetar.
Dugnad og fellesskap
For Seljord IL har det alltid vore viktig at økonomien ikkje skal stå i vegen for deltaking. Difor har vi gjennom fleire tiår lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å sikre låg trenings- og medlemsavgift, slik at flest mogleg skal kunne vere med. Eit sentralt bidrag er matsalet under Dyrskun – ein tradisjon og ei stor felles arbeidsoppgåve som idrettslaget har hatt ansvar for i snart 50 år. Dette har vore ei avgjerande inntektskjelde, og ein sosial møteplass der mange har lagt ned time på time med frivillig innsats.
Ein puls i lokalsamfunnet
I 2025 er Seljord Idrettslag framleis ein puls i lokalsamfunnet. Vi arbeider for trygge og gode fritidsarenaer, der unge utøvarar får moglegheita til å utvikle seg – ikkje berre som idrettsfolk, men som venner og medspelarar i eit fellesskap som varer. Saman med foreldre, trenarar, frivillige og gode samarbeidspartnarar held vi fram med å styrkje idretten i bygda og skape aktivitet, engasjement og stoltheit for Seljord.
Deltakartilskot
Min Idrett
Seljord idrettslag har som mål å effektivisere og forbetre dokumentflyt og medlemshandtering. For å få dette til ynskjer vi at alle, som har mogelegheiten, registrerar seg på Norges Idrettsforbund si digitale løysing «Min idrett». Her er Seljord idrettslag langt framme. Me har, som ein av dei fyrste, vore med på å teste ut denne løysinga dei siste to åra.
Min idrett er den aller enklaste og beste måten til å halde seg oppdatert på. Her samlast terminlister, aktivitetar, medlemskap og lisensar på tvers av idrettsgreiner. Du vil her bli oppdatert på betalingar og gebyr for aktivitetane du og/eller dine barn er med på.
Min idrett har ei enkel påmelding og betaling for deg sjølv og din familie. Gå inn og registrer deg og din familie her: minidrett.nif.no
Mvh
Hans Inge Hagen
Nestleiar i Seljord idrettslag
Deltakartilskot
Alle medlemer av Seljord idrettslag som har hatt store reiseutgifter på større arrangement dei har delteke på, kan kvart år søke om deltakartilskot. Legg ved dokumentasjon/kvitteringar.
Søknaden sendast til:
Seljord idrettslag (merk: Deltakartilskot 20xx)
E-post: post@seljordidrettslag.no
Søknadsfrist: 1. november kvart år.
Styret for Seljord IL
