Infoskriv og lister for Dyrskudugnaden 2023. (Scroll sidelengs i lista for nedlasting på mobil)



2024

Dyrskun 2024

Order Name Type Note  
1 Mannskapsliste per 05.09.2024 PDF

2024

Downoad
2 Info til SIL medlemar Dyrskun_2024 PDF

2024

Downoad
3 Kart over Dyrskuplassen 2024 PDF

2024

Downoad
4 Oppmøtekart 2024 PDF

2024

Downoad

Kioskrutiner – Seljord IL - Dyrskun 2024 

kl.08 Kioskteamet registrerer seg ved personalmottaket ved hovudmatutsalet og tek med seg følgjande til kiosken: 

  • Nyvaska frakk og caps 
  • Veksel frå økonomikontoret ▪ Hamburgarar, ferdigpakka hamburgarbrød, bacon til hamburgar, grillpølse, vaffelrøre, pommes frites, bakt potet og bacon til bakt potet. 
  •  Bruk uttaksliste for å få med alt av mat og utstyr som manglar i kiosken. Sett straum på vaffeljerna. 
  • Nykoka kaffe, Baguettar, Kylling Wraps, Vegan Burrito, wienerpølser og pølsebrød 

Pølsekokarar blir sett på av andre – sjekk at dei er varme når du kjem og legg i wienerpølser. I kiosken set ein fram skiltet med frokostmeny på disken. Kiosken opnar seinast kl.09:00. 

kl.09-10 Hente frå hovudmatutsalet følgjande

  • Hamburgarar, ferdigpakka hamburgarbrød, bacon til hamburgar, grillpølse, vaffelrøre, pommes frites, bakt potet og bacon til bakt potet. 
  • Bruk uttaksliste for å få med alt av mat og utstyr som manglar i kiosken. Sett straum på vaffeljerna. 

Gassgrill og frityrkokar skal alltid brukast av vaksne. Ikkje ta i bruk gassgrill og frityrkokar før du har fått opplæring i bruk av eigne ansvarlege som kjem rundt i alle kioskane. 

▪ Heile menyen er klar for sal kl.10:00 

kl.10-19 Alle i Kioskteamet, som har navnskilt på seg, organiserer arbeidet i kiosken gjennom dagen: 

  • Kioskteam tek i mot dei som skal jobbe i kiosken og gjev dei opplæring i oppgåvene dei skal utføre. Viktig at det heile tida er ein frå kioskteamet på plass. Ikkje bli for opphengt i å hente mat eller å stå i kassa, men prioriter heile tida å ha kontroll over kiosken. 
  • Det er skilje mellom dei som står i luka og ekspederer og dei som står bak og posjonerar mat:
    • Dei som ekspederer og tek i mot pengar, skal ikkje vere i kontakt med mat. 
    • Alle som er i kontakt med mat vaskar hendene og brukar eingongshanskar – hugs å byte ofte. 
  • Kioskteamet ser til at diskar, bord og benkar i kiosken er reine, at all varmmat har over 60 grader, at alle brukar caps og frakk, organiserar henting av mat, puttar sedlar ned i låsbare kasser og passer på at mobiltelefonbruk ikkje blir skjenerande for gjestene. 
  • Fotballgruppa i SIL organiserer rydding rundt kioskane, tømming av søppeldunkar og innsamling av flaskepant, men kioskteamet må heile tida sjå til at det ikkje samlar seg opp avfall på bord og benkar rundt kiosken og tørka av borda med jamne mellomrom. 

Husk: Vi er alle ein del av vertsskapet til Dyrskun og det er viktig at alle gjester blir møtt av eit hjelpande og hyggeleg vertskap

kl.19 Førebur avslutning av dagen: (kl.1600 på søndag) 

  • Har du for myke varm mat som ikkje blir seld, returner dette til hovudkjøkkenet tildekka. 
  • Rydde reint for søppel i og utanfor kiosken. 
  • Blikk, plast og pappavfall tek du med deg til hovudmatutsalet. 
  • Matavfall, restavfall og flaskepant legges i stativ/containere på anvist stad ved kiosken. 

kl.20 Kiosken stenger (kl.1700 på søndag) 

  • Slå av straumen til pølsekokarane, vaffeljerna, frityrane og gassen til grillane. 
  • Pølsebehaldarane skal tømast og fyllast med nytt reint vatn. 
  • Returnere alt av bakkar og kjøkkenutstyr til hovudmatutsalet. 
  • Vaske bord, benkar, utstyr og fei golv i kiosken. 
  • Pass på å levere alle klutar, frakkar og capsar ved hovudmatutsalet for vask. 
  • Ikkje forlat kiosken før pengekassene vert tømt av eigne folk. 
  • Viktig at kiosken vert klargjort til neste dag ved vaktslutt. 
  • Kiosken skal vera rein og ryddig og fylt opp med varer til neste dag. 
  • Nokre av kioskane vil stenge kl 18.00 på fredag og laurdag. Tilhøyrande kioskmannskap hjelper til med å klargjere dei andre kioskane den tida som er att av vakta. Flytt varmmat ein har att til kioskane som er framleis er opne. 

 

Søndag 

kl.17
Tømme kiosken for alt av varer og laust utstyr som pølsekokarar, vaffeljern, potetkasser, kjøkkenutstyr, reinhaldsutstyr m.m. og ta dette med til hovudmatutsalet der ein ansvarleg viser deg kor du skal plassere varer og utstyr. Kasseapparat, bankterminalar, grillar, frityr, bord og benkar blir henta av andre.