Tor Reiten heidra med Æresmedlemskap i Seljord idrettslag. Ole Tufte fekk innsatskruset på årsmøte måndag 26/2-2018
Ole Tufte
Ole Tufte begynte som trenar for gutelaget i 1989/90 og var hjelpetrenar/oppmann for A-laget frå 1993 til 99.
Han var sportsleg leiar i fotballgruppa då A-laget til Seljord IL hadde opprykk kvart år frå 6. divisjon i 1996 til 3. divisjon i 1999 og var i 3. divisjon i 6 sesongar.
Ole er og har vore fast medlem i Dyrskugruppa til Seljord IL i 21 år og hatt ansvar for alt av matbestillingar alle desse åra i tillegg til å ha jobba for SIL alle dagane under Dyrskun.
Dei seinare åra har han vore trenar for aldersbestemte lag i Seljord IL. Eit vel fortent innsatskrus vart delt ut til Ole Tufte.
Tor Reiten
Tor Reiten har gjort ein svært stor innsats for Seljord IL gjennom ein mannsalder. I tillegg har Tor hatt ei friidrettskarriere utan sidestykke som Seljording:
Han har fleire KM titlar på slutten av 50 talet og hadde svært gode tider på dei kortare løpsøvingane. Seinare vart han blant dei beste i landet på 400 meter hekk og representerte Norge på landslaget heile 11 gonger.
Etter å ha lagt piggskoa på hylla som toppidrettsmann har Tor Reiten spela ein svært sentral rolle i Seljord IL på mange område:
Tor har vore trenar og oppmann for A-laget på 70 talet, trenar og oppmann for junior/damer, initiativtakar til å få i hamn avtala om matsal på Dyrskun i 1977 og leiar i Dyrskugruppa dei neste 5 åra og leiar i Seljord IL 1976-77 og 97-98.
Tor Reiten har vore heidra for sin innsats for Seljord IL og bygda fleire gonger ved å bli tildela Telemark Idrettskrets ærespris i 1959, fekk innsatskruset til Seljord IL i 1992, i 1993 fekk Tor Reiten kulturprisen til Seljord kommune for sin innsats for kultur og idrett i bygda. Tor vart saman med Svein Tveiten heidra for innsatsen for bygging av Granvin Kulturhus ved opninga i 1995.
Tor er svært aktiv den dag i dag og fekk saman med Tone Inkluderingsprisen i Seljord kommune i 2016 for gjennom fleire år å ha vist eit sterkt og godt engasjement i arbeidet med å inkludere og skape gode møtearenaer for nye innbyggjarar i kommunen og i Vest- Telemark. Tor Reiten vart tildelt æresmedlemskap i Seljord IL for sin store innsats for laget.