- Styret i Seljord IL krev politiattest av alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
- Leiar i idrettslaget er ansvarleg for å handtere ordninga med politiattest i idrettslaget. Nestleiar er vararepresentant.
- Den som blir krev politiattest, må sjølv søke om politiattest. Sjå prosedyre her.
- Alle som skal ha politiattest må vise fram attesten for leiar (nestleiar) i Seljord IL.
- Leiar i Seljord IL skal lagre opplysningar om kva for personar det er kravd politiattest for, at attesten er vist fram og dato for framvising. Sjølve attesten beheld søkaren.
- Idrettslaget skal ikkje gi oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming til personar som ikkje viser fram politiattest eller som har merknad på attesten.
- Idrettslaget kan når som helst kontakte NIF for råd og rettleiing i desse sakene ved å ta kontakt med sin idrettskrets eller sende e-post til politiattest@idrettsforbundet.no