Ski-gruppa er ei gruppe som favner om langrenn, alpin og skiskyting.
I tillegg har me Skikarusellen, for alle aldersgrupper, som ligg under Allidretten. Vinteren 2022 er Skikarusellen på torsdagar med oppmøte på parkeringa i Raudkleiv kl 17.30. Dei som ynskjer skyss opp til klubbhuset blir frakta opp med ATV. Rennstart kl 18. Me har musikk, fyr på bålpanna og det blir servert varm saft etter målgang. Premiering etter endt sesong.
På sommarhalvåret har me rulleskitrening, som regel på Dyrskuplassen eller i sentrum. Me har rulleski til utlån.
På hausten har alle disiplinane felles barmarkstrening.
Me er ein sosial gjeng som ønsker at fleire skal komme og bli med oss!