Seljord Idrettslag

Seljord Idrettslag er eit fleiridrettslag med djupe røter i bygda og eit blikk retta mot framtida. I dag samlar idrettslaget rundt 500 medlemar i eit variert og inkluderande aktivitetstilbod for både barn, ungdom og vaksne. Gjennom 4 aktive undergrupper – fotball, handball, ski og riding – legg vi til rette for idrettsglede, meistring og gode opplevingar året rundt. I tillegg har vi Allidrett for born og unge med symjing, riding, skikarusell og friidrett.

Vi er stolte av dei moderne og funksjonelle anlegga vi har bygd i Seljord. På Eventyrøy ligg eit innbydande område for fotball, friidrett. Padelbanar, treningsapparat og Eventyrøy aktivitetspark med badstoge, park, gapahuk og klatresrativ. I Raudkleiv tilbyr me på alpine utfordringar i slalåmbakken og gode løyper for både ski og skiskyting. I Granvin finn ein hall og fasilitetar som styrkjer handballen og fleire innandørs aktivitetar. 

For Seljord IL har det alltid vore viktig at økonomien ikkje skal stå i vegen for deltaking. Difor har vi gjennom fleire tiår lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å sikre låg trenings- og medlemsavgift, slik at flest mogleg skal kunne vere med. Eit sentralt bidrag er matsalet under Dyrskun – ein tradisjon og ei stor felles arbeidsoppgåve som idrettslaget har hatt ansvar for i snart 50 år. Dette har vore ei avgjerande inntektskjelde, og ein sosial møteplass der mange har lagt ned time på time med frivillig innsats.

I 2025 er Seljord Idrettslag framleis ein puls i lokalsamfunnet. Vi arbeider for trygge og gode fritidsarenaer, der unge utøvarar får moglegheita til å utvikle seg – ikkje berre som idrettsfolk, men som venner og medspelarar i eit fellesskap som varer. Saman med foreldre, trenarar, frivillige og gode samarbeidspartnarar held vi fram med å styrkje idretten i bygda og skape aktivitet, engasjement og stoltheit for Seljord.

Deltakar tilskot

Alle medlemer av Seljord idrettslag, som har hatt store reiseutgifter på større arrangement dei har delteke på, kan kvart år søke om deltakartilskot. (Legg ved dokumentasjon/kvitteringar)

Søknaden sendast til:
Seljord idrettslag (merk: Deltakartilskot 20xx)
epost: post@seljordidrettslag.no
Søknadsfrist: 1.november. kvart år


Styret for
Seljord IL

min idrettSeljord idrettslag har som mål å effektivisere og forbedre dokumentflyt og medlemshandtering. For å få dette til ynskjer vi at alle, som har mogelegheiten, registrerar seg på Norges idrettsforbund sin digitale løysing  "Min idrett".  Her er Seljord idrettslag langt framme. Me har, som ein av dei fyrste, vore med på å teste ut denne løysinga dei siste to åra.
 
Min idrett er den aller enklaste og beste måten til å holde seg oppdatert på. Her samlast terminlister, aktivitetar, medlemskap og lisenser på tvers av idrettsgrener. Du vil her bli oppdatert på betalingar og gebyr for aktivitetane du og/eller dine barn er med på. 

Min idrett har en enkel påmelding og betaling for deg sjølv og din familie.

Gå inn og registrer deg og din familie her: https://minidrett.nif.no

Mvh

Hans Inge Hagen
Nestleiar i Seljord idrettslag

Oddvar

 

På årsmøtet til Seljord IL måndag 25. februar fekk Oddvar Kvålo tildet innsatskruset til Seljord IL for sinn utrulege dugnadsinnsats for laget.
Oddvar starta opp sin dugnadskarrierer under Dyrskun for 23 år sidan i 1995 med dugnad Laurdag og Sundag i Sigridbui der Tor Reiten og Svein Tveiten var ansvarlege den gongen.
Frå år 2001 har Oddvar vore med i Dyrskugruppa i Seljord IL med ansvar for alt som hadde med utstyr og rigging i buene og kioskane.

Av dei store oppgåvene som har kravd mykje tid er å nemne:

  • tak over varemottak som i 3 år var opp og ned med provisorisk tak.
  • I 2007 laga han understell av to gamle Linjegods hengerar til å ha utstyr i.
  • utbygging av hovedkjøkkenet i 2010 som den store saken.
  • Spesialtralle for salg av bagetter.
  • Rustfrie varmekar for å holde potetstappe varm.
  • Traller av tre til kasseapparat og utstyr.
  • Så var det pengeskåp i vranglås to ganger. Siste gang endte det på Renovest.


Av anna arbeid for SIL kan nemnast:

  • ansvar for flytting av Brakkerigg frå Husmorskulen og opp til Raukleiv med ferdigstilling, bygge avløpsanlegg og boring etter vann.
  • Bygging av spikertårn på Eventyrøy.
  • Skaffe sponset garasje frå Grimstad til lager for SIL på Dyrskuplassen og sto for grunnarbeid og oppfølging.
  • Pluss mykje anna!


Sumerar vi timane Oddvar har brukt frå 2001 og fram til i dag for Seljord, vil dette utgjere om lag to årsverk i dugnad for Seljord IL.

Seljord IL er svært takksame for innsatsen til Oddvar.

Tor Reiten heidra med Æresmedlemskap i Seljord idrettslag. Ole Tufte fekk innsatskruset på årsmøte måndag 26/2-2018